Utviklet av Prege
Nordgåande løp er venta å ha gjennomslag i september. Forbordsfjelltunnelen er den lengste av dei fem tunnelane i prosjekt E6 Kvithammar – Åsen, som Hæhre Entreprenør AS bygger i totalentreprise for Nye Veier AS. Tunnelen blir Trøndelag sin lengste tunnel når den står ferdig.
Sidan oppstart av tunneldrivinga 22.02.2022, har det vore tunneldriving frå begge sider av Forbordfjellet. Tunnelen er ein to-løpstunnel, der begge løp har vore drive parallelt. Det har vore om lag 2200 salver i tunnelen, og det er så langt sprengt ut i overkant av 1 mill. m³ med fjell. Dette tilsvarar om lag 50.000 lass med dumper/truck eller ca 100 000 vanlege lastebillass
Dagens E6 mellom Kvithammar og Åsen er ei ulykkesbelasta strekning. Den nye firefelts vegen vil bidra til ein trafikksikker veg og med halvert reisetid.
– Trygg og sikker veg er sentralt for lokalsamfunnet her oppe. Dessuten vil heile landet tene på at vi oppgraderer E6 frå tofelts til firefelts motorveg, sa Arnstad i si tale i samband med gjennomslaget.
Opning av vegprosjektet er planlagd i 2027.
– Nye Veier er godt nøgde med Hæhres framdrift hittil. Vi involverte dei tidleg i prosjektets optimaliseringsfase, og ser nå at ei solid plan har gitt resultater. Der vi har vore ueinige, har vi løyst dette over ein kaffikopp, seier prosjektsjef i Nye Veier, Lars Erik Moe.
-Vi har hatt god produksjon heilt sidan første salve. Grunna undersøkingar i forkant, har vi hatt god oversikt over kva slags bergforhold me kunne forventa å støtte på undervegs. Bergforholda har vore noko betre enn føresett, og det har heller ikkje vore naudsynt med injeksjon. Eg vil trekke fram innsatsen som fagarbeidarane, lærlingane og geologane samt plassledelsen har lagt ned i arbeidet med tunneldrivinga. Dei har drive vel 1 mill m3 med fjell på 68 effektive veker. Dette er god produksjon, seier prosjektleiar Jonny Madsen, på veg inn til markeringa av gjennomslaget.
Som tradisjonen tilseier, vart det servert konjakk på røysa. F.v. Kristian Rønning, Anders Holm Pedersen, Reidar Løvhaugen og Geir Anderson. Foto: Tor Kleiven, Hæhre Entreprenør AS
Tekst og foto: Tor Kleiven, Hæhre Entreprenør AS