Hopp til innhold
21. november 2023

HMS-dag på RV4 Roa-Gran grense

Torsdag vart det arrangert HMS-dag for Arbeidsfellesskapet Hæhre Isachsen (AFHI) på vegprosjektet RV4 Roa – Gran grense. HI Entreprenører (HIE) gjennomfører HMS-dag i alle selskap i konsernet som ein del av konsernet sitt sikkerhetskulturprogram.

Eit femtitals medarbeidarar frå Isachsen, Hæhre, innleigde og ue var samla i kantina. Frå selskapa sine hovudkontor var også konsernsjef i HIE, Anders Høiback, og dei daglege leiarane i Isachsen Anlegg og Hæhre Entreprenør, Ronny Abelsen og Gudmund Roen. Prosjektet hadde offisiell opning 10.11., og blir frå Statens Vegvesen løfta fram som eit mønsterprosjekt i gjennomføring.

-Vi har utført snart 400.000 timar i prosjektet utan skader. Dette er ein veldig god prestasjon. Når dei avsluttande arbeida no skal utførast, gjeld det å ikkje miste fokus. Sikkerheit og sikkerheitsarbeid må vi ha fokus på kvar einaste dag gjennom heile prosjektet, sa prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i AFHI. Han delte også frå tidlegare erfaringar med uønska hendingar.

-I prosjekt RV 4 Roa – Gran grense har vi hatt ein flat struktur med kort veg frå fagarbeidar til funksjonær i prosjektet. Dette har vore med på å bygge god sikkerheitskultur. Når vi då er tro mot planer og SJA-er, oppnår vi god skår på sikkerheit. Vi vil ha alle trygt heim, understreka Wolfgang.

-Bruk personleg verneutstyr for din eigen del. Du treng ikkje å gjere det for meg, men for din eigen del. Det er ikkje mitt syn eller min hørsel du risikerer ved å la vere, det er ditt eige. Dette sa dagleg leiar i Hæhre, Gudmund Roen under HMS-dagen.

Etter samlinga i kantina, var det ulike tema fordelt på fire stasjonar:

  1. Bruk av verneutstyr
  2. HMS-rebus
  3. Blindsoner rundt maskiner
  4. Bruk av sikkerhetsbelte

HMS-dagen vart avslutta med lunsj i kantina.