Utviklet av Prege
– I dag står vi på jernbanehistorisk grunn. Norges aller første jernbane – Hovedbanen – vart opna for trafikk mellom Christiania og Eidsvoll i 1854, 30 år etter at riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok grunnlova, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (A) under si opningstale. Nygård var også den som fekk æren av å klyppe snora som markering av at strekninga no er offisielt opna.
-For at eit slik stort prosjekt skal fungere, må vi ta inn over oss at det er menneskene i prosjektet det kjem an på. Det har vore god kjemi og godt samarbeid i heile prosjektet. Eg vil nytte anledninga til å takke for den gode jobben som er gjort i prosjektet, sa dagleg leiar Gudmund Roen under markeringa i Panorama Kulturhus.
Nærmare to millionar arbeidstimar er nedlagt i prosjektet, og det utan hendingar med skader av betydning.
Utbggingsprosjektet Venjar – Langset består av to underbygningskontrakter. Den sørlege delen Venjar – Eidsvoll Nord, som er bygd av NCC og den nordlege delen Eidsvoll Nord – Langset, som er bygd av Hæhre og PNC i arbeidsfellesskap. Heile prosjektet er 13,5 km, og har ein kostnad på 6,2 MRD. Mellom Eidsvoll stasjon og Langset blir den gamle jernbanetraseen bygd om til turvegen «Vormtråkk», og blir der kopla saman med «Mjøstråkk». Når «Vormtråkk» opnar hausten 2024, vil det også vere mogleg å gå eller sykle over den gamle Minnevika jernbanebru.