Hopp til innhold
22. november 2023

Store dimensjonar og nattabeid på Vollselva bru

-Vollselva bru er med sine 350 m den lengste brua i prosjektet. Vi har bygd alle søyler, no står berre det nordre landkaret i akse 11 att. Montasjen av prefabrikkerte bjelkar i første etappe starta i slutten av oktober, og vart avslutta 16.11., fortel anleggsleiar Kenneth Eggan. Han er ansvarleg for planlegging og bygging av Vollselva bru på E6 Kvithammar – Åsen.

Store dimensjonar og spesialtransport

Det er store dimensjonar på dei prefabrikkerte elementa. Dei lengste bjelkane er 40 m, med ei vekt på snaue 49 tonn. På grunn av vekt og lengde, må dei transporterast med spesialtransport nattetid, med ein bjelke per bil.

-Bjelkane blir produsert av Overhalla Betongbygg i Verdal, som også står for transport og montasje. I Norge finst det få slike spesialhengarar, så det er transporten som legg føringar for kor mykje vi får montert per dag. Sjølve montasjen av ein bjelke tek 10-15 minutt, medan køyreturen tek 2 ½ time tur/retur. Med to bilar til disposisjon får vi dermed montert 5-6 bjelkar på ei natt. Heising av bjelkane foregår med samløft frå to mobilkraner, der den største er 450 t. Bjelkemontasjen er planlagt ferdigstilt til sommaren, fortel Kenneth.

Kryssing av Nordlandsbanen

Vollselva bru kryssar over Nordlandsbanen. For transport av bjelkane over jernbanen, er det etablert ein midlertidig planovergang. Like sør for denne er det montert ein anleggskulvert som arbeidssikring, slik at arbeid kan gjennomførast sikkert, utan at det hindrar togtrafikken. Montasje av elementa over jernbanen og støyping av brudekket i det same området må gjennomførast når vi har spordisponering.

Brubygging er lagspel

-Eg vil trekke fram det gode interne samarbeidet vi har hatt med dagsone. Deira arbeid har gått veldig bra og vore godt koordinert med oss på konstruksjon. Dette har gitt eit godt utgangspunkt for dei plasstøpte konstruksjonane og prefab-montasjen, seier Kenneth nøgd.

Vollselva bru blir bygd i eit område med kvikkleire. For å fordele vekta frå dei store mobilkranene er det etablert ei to meter høg steinfylling. Om lag 8.000 m³ med stein er frakta inn til dette formålet.

Ingen skader

-Vi har 15 betongarbeidarar i sving på Vollselva, og kjem til å halde dette nivået framover. Ei jamn og stabil bemanning er saman med det daglege HMS-fokuset ein tryggleiksfaktor. Så langt har vi hatt to førstehjelpsskader, men ingen alvorlege hendingar i samband med betongarbeida. Eg vil rose alle fagarbeidarane og leiarane for godt arbeid med HMS. Her er det tunge løft og store høgder, som saman med andre farar har alvorleg potensiale om noko skulle gå gale, avsluttar Kenneth.