Hopp til innhold
25. november 2024

Kontrakt for FV 353 Rugtvedt – Surtebogen(Gassveien) signert

-Dette er ein stor dag, med kontraktssignering for eit viktig prosjekt i regionen. Hæhre har gitt eit godt inntrykk gjennom tilbodsprosessen, og det er ekstra moro med konkurransar der ikkje berre pris er evalueringskriterie, seier prosjektleiar Lars Lund, prosjektleiar i Vestfold Telemark Fylkeskommune (VTFK).

Prosjektdirektør Asle Ståland (Hæhre Entreprenør) og prosjekteigar Helene Byre (Vestfold Telemark Fylkeskommune) signerte kontrakta. Foto: Tor Kleiven, Hæhre Entreprenør

-Vi takkar for tilliten som VTFK viser oss. Vi ser fram til samhandlinga, som startar allereie neste veke, seier prosjektdirektør i Hæhre, Asle Ståland. -Dette er eit viktig prosjekt for Hæhre, men også for nærområdet. Utbygging av Gassvegen er eit etterlengta prosjekt for vidare utvikling og utbygging på Frier Vest, der vi er i gang ned tomteopparbeiding, seier Ståland.

Høgtideleg kontraktssignering. Bak, f.v.: Øystein Bondal (Contur), Christian Nikkerud (Isachsen), Wolfgang Mysliwietz (Hæhre), Lars Lund, Bjørn Egil Strandskogen, Thomas Stensen-Christensen, Øystein Brinck og Tommy Paulsen, alle VTFK. Foran: Asle Ståland (Hæhre) og Helene Byre (VTFK). Foto: Tor Kleiven, Hæhre Entreprenør

-Vi er kontraktspart med VTFK, men organiserer arbeida med eit internt arbeidsfellesskap med systerselskapa Isachsen Anlegg og Contur. Vi ser fram til å utnytte kompetansen og kapasiteten deira, seier prosjektsjef Wolfgang Mysliwietz i Hæhre. Multiconsult er av Hæhre engasjert som rådgjevar i prosjektet.

Fysiske arbeid vil starte i månadsskiftet november/desember, med ferdigstillelse sommaren 2026.

Prosjekt FV353 Rugtvedt – Surtebogen består av 3,9 km fylkesveg frå Rugtvedt til Surtebogen, og omfattar sprenging/masseflytting, vegbygging, VA, elektro og konstruksjonar. Som ein del av prosjektet skal det etablerast ny vannledning for Bamble kommune på strekninga. Hovuddelen av prosjektet skal finansierast med bompengar.

——–

——–

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Wolfgang Mysliwietz, prosjektsjef Hæhre Entreprenør, 46 83 10 16

Lars Lund, prosjektleiar Vestfold Telemark Fylkeskommune, 99 58 60 09